Personvern og tryggleik

Slik tenkjer vi om data og kunstig intelligens

Her forklarer vi kort korleis modulane i Skill Nordic behandlar data, og kva som ikkje skjer.

Kort fortalt

Slik går dataa

Tenaren vår står mellom Moodle og KI-tenesta

KI-en køyrer ikkje i Moodle eller på maskinene til organisasjonen. Tenaren vår sender berre det oppgåva krev til ei KI-teneste, og tek imot svaret.

Moodle eller nettlesaren til organisasjonenStudenten eller læraren brukar ein modul
Skill NordicTenaren vår i Noreg. Fjernar det som ikkje trengst, og held nøklane
KI-tenesteFår berre det oppgåva krev, i kort tid

Tryggleik

Slik vernar vi tenesta

For organisasjonen

Ansvar og avtalar

Organisasjonen er behandlingsansvarleg for personopplysningane til studentane, og Skill Nordic er databehandlar. Vi inngår databehandlaravtale før oppstart, og hjelper gjerne til med vurderinga av personvernkonsekvensar (DPIA). Skjer det eit tryggleiksbrot, varslar vi organisasjonen utan ugrunna opphald. Når avtalen er slutt, slettar vi kontoane og innhaldet til organisasjonen.

Ofte stilte spørsmål

Det lærarar og organisasjonar spør om

Må studentane lage ein eigen konto?

Nei. Studentane brukar Moodle som vanleg. Dei loggar ikkje inn hos oss, og vi får ikkje vite kven dei er.

Ser eg kva studentane har sagt eller skrive undervegs?

Nei. Du ser resultatet og tilbakemeldinga modulen gir – ikkje det studenten sa eller skreiv undervegs. Slik blir det tryggare å øve og å feile.

Kan KI-en ta feil?

Ja, som eit menneske kan. Difor er modulane laga for øving, ikkje eksamen. Sjå på tilbakemeldinga som eit utgangspunkt for samtale med studentane, ikkje som ein fasit.

Er dette lovleg etter personvernreglane (GDPR)?

Ja, når det er på plass ein databehandlaravtale. Organisasjonen er behandlingsansvarleg og Skill Nordic er databehandlar. Vi inngår avtalen før oppstart, og vi brukar berre leverandørar med eigne databehandlaravtalar.

Kva leverandørar brukar de?
LeverandørKva dei gjerKvar
DomeneshopDrift av tenaren der Skill Nordic køyrer, med kontoar og innhald lærarane lagarNoreg
Anthropic (Claude)Språkmodell – tekst, vurdering og tilbakemeldingUSA
ElevenLabsStemme – tale til tekst og tekst til taleUSA
Google (Workspace)E-post frå Skill Nordic til lærarar og administratorar: invitasjonar, innloggingskodar og varselEU/USA
Google (Analytics)Statistikk om bruken av denne nettsida – berre om du har sagt ja til det, sjå informasjonskapslarEU/USA

Vi har databehandlaravtalar med leverandørane, og overføring utanfor EØS skjer etter standardavtalane til EU. Kjem det nye leverandørar, oppdaterer vi lista og varslar organisasjonane før dei blir tekne i bruk.

Kan vi slutte å bruke det?

Ja. Kvar modul kan seiast opp med éin månads varsel, og pluginen kan avinstallerast når som helst. Når avtalen er slutt, slettar vi kontoane og innhaldet til organisasjonen.

Informasjonskapslar

Statistikk berre om du seier ja

Nettsida brukar berre det som må til for at ho skal verke, heilt til du seier ja til statistikk. Då brukar vi Google Analytics til å sjå kor mange som vitjar denne nettsida. Vi brukar ikkje opplysningane til annonsering, og ikkje i kontoen eller i modulane studentane brukar.

NamnKven set hanKva han gjerKor lengeKrev samtykke
skill / __Host-skillSkill NordicHeld styr på innlogging og på tryggingsnøkkelen i skjema, så ingen andre kan sende inn skjemaet på dine vegnerTil du lukkar nettlesarenNei, nødvendig
skill_samtykkeSkill NordicHugsar valet ditt om statistikk180 dagarNei, nødvendig
skill_sprakSkill NordicHugsar språket du har valt på nettsida. Blir berre sett når du vel språk sjølv1 årNei, nødvendig
skill_valutaSkill NordicHugsar valutaen du har valt i priskalkulatoren. Blir berre sett når du vel valuta sjølv1 årNei, nødvendig
_ga, _ga_…Google AnalyticsSkil vitjarar frå kvarandre og tel vitjingar og sidevisingarOpptil 2 årJa

Grunnlaget er samtykket ditt (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a og ekomlova § 3-15). Du kan ombestemme deg når som helst. Utan samtykke tek ikkje nettlesaren din kontakt med Google. Opplysningane kan bli behandla i USA.

Lurer de på noko meir?

Vi svarer gjerne – også på dei vanskelege spørsmåla frå IT-avdelinga og personvernombodet.

Ta kontakt