Vis sida for

Kursbyggjar

Fagstoffet blir eit ferdig kurs.

Last opp Word, PowerPoint og PDF. Kursbyggjaren lagar eit heilt nettkurs i Moodle, med design studentane kjenner att. Du les, rettar og godkjenner.

Last opp prosedyrane og presentasjonane de har. Kursbyggjaren lagar eit heilt nettkurs i Moodle, med design dei tilsette kjenner att. Den som kan faget, les, rettar og godkjenner.

Slik verkar Kursbyggjaren

Du bestemmer. KI gjer grovarbeidet.

Følg eit kurs frå fagstoff til Moodle. Vel eit steg, så ser du kva Kursbyggjaren gjer.

Fagstoff inn

Du startar med det du har.

Word, PowerPoint, PDF og tekst
Lysbilete blir skrivne ut til fagtekst.
Bileta følgjer med
Bilete i Word og PowerPoint blir henta ut og kan brukast i kurset.
Nettsider og video
Inntil 15 nettsider. Lenkjer til YouTube og Vimeo hamnar i rett kapittel.
Du vel omfanget
Frå 15 minutt til 10 timar. Kursbyggjaren reknar om til modular og kapittel.
Steget Fagstoff og kursdetaljar. Ein PDF er lasta opp og blir lesen av Skill.

Plan og kjelder

Du ser planen før noko blir skrive.

Kursplan med læringsmål
Modular, kapittel, tidsbruk og tre til fem læringsmål per modul.
Beskjed om hol
Kursbyggjaren seier frå om tynt stoff og motstrid i dokumenta.
Endre med Skill
Skriv «kortare» eller «meir praksis», så får du eit nytt forslag.
Nettkjelder du godkjenner
Kvar kjelde blir vist med sitat. Berre dei du godkjenner, blir brukte.
Steget Kjelder. Kvar nettkjelde blir vist med sitat, og knappane Godkjent og Avvis.

Skriving

Kurset blir skrive i bakgrunnen.

To rundar på kvart kapittel
Først eit utkast. Så ein ny KI-runde som strammar språket og fjernar gjentakingar.
Pedagogisk oppbygging
«I dette kapittelet», lesetid, case, refleksjon og oppsummering.
Kjelder i teksten
Kjeldenummer undervegs og referanseliste nedst.
Åtte språk
Bokmål, nynorsk, engelsk, svensk, dansk, tysk, spansk og fransk.

Redigering og design

Du ser kurset slik det blir i Moodle, og gjer endringane direkte i kurset.

Rediger teksten direkte
Eller merk eit avsnitt og be Skill skrive det om.
Blokker laga av grafiske designarar
50 ferdige blokker: faktaboksar, sjekklister, steg, tabellar, samanlikningar og case.
Inkludert biletbank
Foto med kreditering. Byt bilete, last opp eigne og juster utsnittet.
Dykkar profil
Fargar, skrift og logo frå portalen. Vel nøkternt, balansert eller rikt uttrykk.
Redigering. Kurset blir vist i midten, med verktøy for tekst, design, blokker, aktivitetar og Kjeldesjekk til høgre.

Quiz og øvingar

Øving der ho høyrer heime, midt i kapittelet.

Quiz, flashkort, kople saman og fyll inn
Laga av kapitla du vel.
Samtaleøving
Eit scenario der deltakaren øver på ein samtale med stemma.
Øving eller krav
Øving er standard. Du kan slå på karakter og krav om å bestå for å gå vidare.
Lett å endre
Opne øvinga, rett spørsmåla og lagre.

Samtaleøving krev modulen Samtaleøving.

Ein quiz med fem spørsmål midt i eit kapittel. Han må beståast for å gå vidare.

Levering

Frå Kursbyggjaren og rett inn i Moodle.

Kontroll før levering
Alternativ tekst, overskrifter og lenkjetekstar blir kontrollerte. Kjeldesjekk viser kva du bør sjå over.
Legg inn i Moodle
Kurset kjem med kursbilete, framdrift og fargane frå portalen.
Oppdater
Berre det som er endra, blir bytt. Arbeidet til deltakarane blir ståande.
Del med kollegaer
Send ein kopi, eller del kurset med heile organisasjonen.
Levering. Læraren har stadfesta at kurset er lese, og knappen Legg inn i Moodle er klar.

Det ferdige kurset

Slik ser kursa ut.

Seks kurs laga med Kursbyggjaren, slik deltakarane ser dei. Opne eit kurs, bruk menyen og rull gjennom.

Opne i full skjerm (blir opna i ny fane)
DemoskulenDemo

Kvifor

Betre for studentane. Enklare for læraren.

Betre for dei tilsette. Enklare for fagpersonen.

Eit kurs treng ikkje vere ei side full av lenkjer og undersider. Det kan vere enkelt og intuitivt: alt står på éin stad, i den rekkjefølgja det skal lesast.

For studentane

For dei tilsette

Eit kurs som er laga for å bli lese, ikkje ein PDF i ei mappe.

  • Inga jakt gjennom lenkjerKurset står på éi side. Dei rullar nedover og les, utan å leite i undersider.
  • Dei ser kva dei skal læreLæringsmål, lesetid og framdrift står i kvart kapittel.
  • Stoffet er lettare å ta innKorte avsnitt, boksar, steg, tabellar og bilete i staden for tette tekstveggar.
  • Det verkar for fleireKurset er tilpassa mobil, og har kontrast, overskrifter og alternativ tekst på plass.

For læraren

For fagpersonen

Tida går til faget, ikkje til klipp og lim.

  • Grovarbeidet er gjortDu startar med eit heilt utkast, ikkje ei tom side.
  • Du treng ikkje vere designarOppsett, fargar og bilete kjem av seg sjølv.
  • Du har kontrollenDu godkjenner planen, kjeldene og det ferdige kurset.
  • Kurset er lett å halde ved likeDu oppdaterer det som er endra. Arbeidet til studentane blir ståande.Du oppdaterer det som er endra. Det dei tilsette har gjort, blir ståande.

Kjeldesjekk

Læraren har full kontroll.Fagpersonen har full kontroll.

KI kan ta feil. Difor peikar Kjeldesjekk ut påstandane du bør kontrollere før kurset blir levert. Du trykkjer på eit punkt, og ser staden i kurset og kjelda bak.

Kjeldesjekk i Kursbyggjaren. Til høgre står lista med punkt som bør kontrollerast. Det første punktet er valt, og setninga er ramma inn i kurset til venstre. Under står det at inga kjelde er oppgitt.
Her står det ei setning i kurset som ikkje finst i fagstoffet. Kjeldesjekk peikar på ho, og du avgjer om ho skal stå.

Sjå det i bruk

Frå fagstoff til ferdig kurs i Moodle.

Filmen viser heile vegen på under to minutt, utan lyd. Han er klipt ned. I røynda brukar Skill rundt fem minutt på å skrive kurset.

Be om demo

Sjå Kursbyggjaren med dykkar eige fagstoff.

Vi tek gjerne eit uforpliktande møte. Det tek 30 minutt.

  1. Send oss eit dokumentEit hefte eller ein presentasjon de brukar i dag.
  2. Vi lagar eit kurs av detI Kursbyggjaren, med design og bilete.
  3. De ser resultatetVi går gjennom kurset saman og svarer på spørsmål.

Halv pris ved bestilling innan 01.02.2027.

Takk!Vi tek kontakt for å finne eit tidspunkt.